Rådgjevar for direktør

Vil du arbeide med leiarstøtte ved ein høgskule i stor utvikling? Vi søkjer etter deg som vil vere leiarstøtte og rådgjevar for direktør (rektor) i ein spennande fase i høgskulens utvikling. KRUS utviklar og etablerer fleire studietilbod, og stortingsmeldinga «Straff som verkar» (juni 2025) legg føringar for fleire endringar ved høgskulen, mellom anna at grunnutdanninga som kvalifiserer til yrket fengselsbetjent skal tilbydast som ein ordinær bachelorutdanning frå 2027. I denne nyoppretta stillinga vil du jobbe tett på leiargruppa og bidra aktivt i verksemdsstyringa.

Du vil få ansvar for forberedelser og etterarbeid til styremøter og ledermøter, og for tilrettelegging og koordinering av ulike prosesser for høyskoleledelsen. Gjennom en god dialog og strukturert oppfølging sikrer du at aktuelle saker som meldes inn, er godt forberedt og at beslutninger dokumenteres og følges opp.

Les meir og søk her

 

Førsteamanuensis i kriminalitetsførebygging

Til institutt for kriminalomsorgsstudiar/seksjon for profesjonskunnskap søkjer vi ein engasjert og nyskapande kollega med kompetanse innan kriminalitetsførebygging, som kan bidra med undervising og utvikling av kunnskap om kriminalitet og straff, maktutøving og tilbakeføring til eit kriminalitetsfritt liv. Du er samfunnsvitar, for eksempel kriminolog, rettssosiolog, sosiolog eller har anna relevant fagbakgrunn med doktorgrad og kjennskap til straffegjennomføringsfeltet.

Du vil få undervise både deltids- og heiltidsstudentar, få ei sentral rolle i utvikling av digitalt læringsinnhald og skape studentaktive læringsformer. Vi ser etter deg som har evne til å vere fagleg pådrivar og inspirere kollegaer til forsking og utdanningsfagleg utvikling.

Les meir og søk her

Høgskolelektor sosialfag

Vi ser etter ein engasjert og nytenkande høgskulelektor med psykologi-, helsefagleg, eller sosialfagleg bakgrunn, som kan bidra med undervisning og utvikling av kunnskap om tilbakeføringsarbeid og velferdsrelaterte problemstillingar.

Stillinga inneber mellom anna undervisning og FoU-arbeid knytt til tema som rettar seg mot rehabilitering av domfelte og tilbakeføring til eit kriminalitetsfritt liv.

Vi ser etter deg som har evne til å vere fagleg pådrivar og inspirere kollegaer til forsking og utdanningsfagleg utvikling. Som vår nye kollega får du ei spennande moglegheit til å arbeide tverrfagleg ved ein høgskule som utdannar profesjonsutøvarar til eit viktig samfunnsoppdrag.

Les meir og søk her