Ingrid Rindal Lundeberg, Ragnar Kristoffersen og Tore Rokkan. Foto.

Bachelorutdanninga startar med emnet KRUS3000 Kriminalomsorgen som virksomhet. Ingressbildet viser dei ansvarlege for emnet, frå venstre: førsteamanuensis Ingrid Rindal Lundeberg, forskar Ragnar Kristoffersen og førstelektor Tore Rokkan. Dei emneansvarlege ønskte studentane velkommen frå amfiet til KRUS, der studentane gjennom Teams starta første dag fekk viktig informasjon om informasjonskanalar.

Dei emneansvarlege hadde òg invitert inn to tidlegare bachelorstudenter, Tonje Culbertson og Philip Johannessen, som fortalde om nokon av dei erfaringane og utfordringane dei hadde møtt som nye studentar. Blant tips som vart trekt fram, var det å hugse på at det er lurt å nytte tida mellom samlingane godt til å lese og førebu seg til neste samling.

For mange av studentane er det lenge sidan dei sist var i ei studentrolle, og endå fleire som ikkje har erfaring med bachelornivå på eksamenskrav og ulike innlveringsoppgåver. Dei to tidlegare studentane tipsa om at det kan vere lurt å kikke på tidlegare bacheloroppgåver, for å få ei kjensle av korleis tankegangen og skrivemåten er på dette nivået. I institusjonsarkivet til KRUS, CORA, ligg det fleire bacheloroppgåver frå tidlegare studentar tilgjengeleg.

 

Interessert i å vite meir om bachelorpåbygg i straffegjennomføring og kva studentane lærer?
Les meir på våre nettsider om bachelorpåbygget