Kvar torsdag samlast 24 ivrige verksbetjentar digitalt saman med Geir Eskeland og Sven Lystad (bilete under), som er ansvarlege for utdanninga frå KRUS si side.

Geir og Sven -utsnitt.jpg
Frå venstre: Geir Eskeland og Sven Lystad.

Verksbetjentutdanninga er eit tilbod til tilsette i arbeids- og verksdrifta i kriminalomsorga. Utdanningsforløpet strekker seg over elleve månader og består av både samlingar og fjernundervisning ca. éin dag per veke.  Sidan førre gong verksbetjentutdanninga vart gjennomført har det skjedd store endringar i studieplanen, som forhåpentlegvis bidrar til ei utdanning som fangar opp både dei oppgåvene verksbetjentane har og kva forventningar som blir stilte til korleis desse oppgåvene kan løysast på ein best mogleg måte. Og sjølv om eit tema som tryggleik er viktig og ein del av utdanninga, skal deltakarane òg gjennom emne som vektlegg rolla til verksbetjenten som arbeidsleiar og tilretteleggar for innsette, og dessutan rolla deira i arbeidet for tilbakeførings- og miljøarbeid i fengsel.

Ingressfoto (kollasje): Colourbox.com