Verksbetjentane i kriminalomsorga er med på å sysselsetje innsette på dagtid, mellom anna oppfølging for at innsette kan ta fagbrev som t.d. institusjonskokk eller anleggsgartnar. Ulike fengsel har ulike tilbod frå verksbetjentar, og aktivitetane varierer frå å produsere varer til å fokusere mest på miljøarbeid.

-Det har vore veldig nyttig å få betre kjennskap til breidda i det tilbodet kriminalomsorga kan gi når vi samarbeider både med kvarandre og med samarbeidspartnarar frå Nav og skole, seier Tor Olav Gregersen, som var ein av verksbetjentane på samlinga.

Grethe Bjørk jobbar i Agder fengsel, der ho aktiviserer innsette med mange ulike utfordringar, ikkje minst med rus og helseproblem. Aktivitetane blir planlagde ut frå dette, mellom anna med tanke på kvar tidkrevjande der er å gjennomføre aktiviteten.

-Det viktigaste er å få til aktivitetar der den enkelte kan ferdigstille noko, og at dette kan skape stolthet og meistring, fortel ho. Den viktigaste oppgåva mi er å legge til rette, mellom anna med tanke på dei ulike individuelle føresetnadene.

Bjørk fortel at ho har 10-12 ulike aktivitetar ho nyttar. Og om det er nokon som i utgangspunktet ikkje har så lyst til å gjere ein aktivitet, hender det ho sjølv set seg ned og går i gang. Då er det ikkje uvanleg at ho får selskap etter at innsette først har følgt med frå sidelinja, fortel ho.

På ingressbildet over er det Bjørk som testar ut eit pedagogisk opplegg for å lære innsette å strikke. På samlinga var det verksbetjentane Børge Sandvik, Ronny Mardal og Vidar Kvam som fekk vere forsøkspersonar. 

Andre verksbetjentar har andre oppgåver, og blant aktivitetane det vart laga pedagogiske opplegg til, var det både brannsløkking, kutting av grønsaker (sjå bilde under), trefresing og sykkelsjekk på programmet. Etter samlinga skal verksbetjentane teste ut opplegget på innsette der dei jobbar.

Verksbetjentane fortel at noko av det beste ved utdanninga, ut over innhaldet i form av pensum, handlar om at dei blir kjente med og får utveksla erfaringar med kollegaer andre stader i landet, og at dette er inspirerande.

Geir Eskedal og Sven Lystad frå KRUS leier verksbetjentutdanninga, som altså er igjennom tre av fire samlingar. Dei fortel at det har vore gøy å sjå utviklinga  i det faglege frå den første samlinga til deltakarane og fram til der dei er no, etter tre samlingar og med all den innsatsen som har vorte lagt ned mellom samlingane.

 

Fakta: Verksbetjentutdanninga ved KRUS er eittårig, på deltid. Utdanninga blir gjennomført med fire samlingar, og ulike oppgåver individuelt og i gruppe mellom kvar samling. Deltakerene er tilsette i verksdrifta i kriminalomsorga.