Studentane frå UiO går på masterprogrammet ved Institutt for kriminologi- og rettssosiologi, der dei tar emnet «Kriminologi og rettssosiologi i praksis». I emnet inngår det eit opphald hos ein vertsinstitusjon på 6 veker. Hensikta med dette praksisstudiet er å få innblikk i korleis arbeidslivet kan fortone seg for ein kriminolog, og korleis kriminologiske evner og perspektiv kan nyttast i arbeidslivet.

KRUS er ein av fleire vertsinstitusjonar denne våren, og vi har laga eit opplegg for praksisstudentane der vi forsøker å inkludere dei i dei vanlege arbeidsoppgåvene våre. Dei følgjer undervisning, møter i avdelingane og i FoU-grupper, og dei retter arbeidskrav. Studentane har òg halde ein presentasjon i studieavdelinga om fordeler og ulemper med digital undervisning.

Det var lagt opp til at studentane skulle besøke Stifinner'n ved Oslo Fengsel, Nettverkshuset til Røde Kors og Kirkens Bymisjon i Halden, men denne delen av opplegget fell dessverre ut på grunn av koronasituasjonen. I staden fekk dei digitale møte med fengselsprestane i Oslo fengsel, Røverradioen, Stifinner’n og fritidsleiaren i Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling.

Studentane har i tillegg hatt digitale møte med aspirantar og studentar på ulike nivå i utdanninga. Dei fekk dessutan moglegheit til å høyre tilsette ved KRUS fortelje om spesifikke tema som praksisstudentane var spesielt interesserte i.

Praksisperioden blir avslutta med at studentane held eit framlegg der dei reflekterer over praksis og knyter dette opp til kriminologisk teori.

På bildet er studentane saman med nokon av dei tilsette ved KRUS som har lagt til rette for opplegget. Bildet er tatt under ein "walk and talk" i Oslo, i starten av praksisperioden. (Foto: Hilgunn Olsen)