Alltid spent på resultata

-Det er spennande når resultatet frå Studiebarometeret kjem, seier dekan Kjersti Hove.

-I år var det ekstra hyggeleg å lese at aspirantane er så godt fornøgde, sjølv i ei krevjande tid. På grunn av smittevernsituasjonen var 2020 eit krevjande år for både tilsette og aspirantar. Studietilbodet vart òg noko amputert dette året sidan vi ikkje fekk gjennomført den kjærkomne studieturen og ved at praktisk ferdigheitstrening vart redusert.
 

NOKUT har ansvar for studentevalueringa Studiebarometeret som blir gjennomført i nær sagt alle bachelor- og masterutdanningar i Noreg. Evalueringa blir gjennomført i det tredje semesteret til studentane, men sidan aspirantane våre tradisjonelt har starta studiet sitt i januar og ikkje i august som normalt, blir studiebarometeret gjennomført hos oss i studiets fjerde og siste semester.
KRUS sine resultat finn du her (lenke til Studiebarometeret).

 

Digitalisert undervisning

I 2020 retta NOKUT ei spesiell merksemd mot digitalisert undervisning. Aspirantane gjennomførte store delar av fjerde semester på heimekontor med digitalisert undervisning og nettbasert dialog med faglærarar og medaspirantar. Dekanen er stolt over korleis dei tilsette har handtert situasjonen.

-Studiebarometeret er hyggeleg lesing for alle som har lagt ned ekstra innsats for aspirantane dette året, ikkje minst for alle vitskaplege tilsette og dei hos oss som støttar studieaktivitetane administrativt og IT-teknisk. Resultata viser at tilfredsheita med digitalisert undervisning var langt høgare enn ved svært mange samanliknbare studietilbod. Eksempelvis viser aspirantane ved KRUS langt høgare tilfredsheit i alle spørsmål om digitale verktøy enn studentar i andre tryggingsstudiar.

På konkret spørsmål om digitale verktøy blir brukt på ein slik måte at studentane blir aktivt involvert i undervisninga, svarer aspirantane i gjennomsnitt 3,7 mot eit gjennomsnitt på 3,4 frå studentar i andre tryggingsstudiar.

Aspirantane er også positive på spørsmål om korleis undervisarar og administrasjonen har handtert situasjonen. Til dømes på spørsmål om undervisarane laga gode opplegg for nettbasert undervisning, svarer aspirantane våre eit gjennomsnitt på 3,5 mot eit gjennomsnitt på 2,6 for tryggingsstudiane!

Blir utdanna til yrke som krev kritisk refleksjon

Aspirantane utdannar seg til å arbeide som fengselsbetjentar. Dekanen understrekar at dette er eit spennande og krevjande yrke som føresett både evne til å tilpasse seg den organisasjonskulturen der ein jobbar, og samtidig stiller seg kritisk til eige og andre sitt arbeid. Ho synest det derfor er gledeleg at aspirantane vurderer si eiga evne til refleksjon og kritisk tenking til eit gjennomsnitt på 4,3. Til samanlikning vurderer studentar ved andre tryggingsstudiar dette til 4,2.

Må bli betre på å synleggjere vurderingskriteria og medverknad

Kjersti Hove påpeikar at Studiebarometeret òg avdekker fleire forhold som KRUS må jobbe med vidare.

-Ut frå årets studiebarometer kan vi mellom anna sjå at vi langt på veg lykkast med eksamensgjennomføring, men må bli betre på å gjere vurderingskriteria tydelegare, seier Hove. -Vi kan òg forbetre tilbakemeldingssløyfene på studieoppgåver og jobbe meir aktivt med å førebu aspirantane på praksisperioden.

Dekanen meiner aspirantane skårar for lågt på spørsmål om medverknad, sjølv om KRUS legger betydeleg vekt på å vere i dialog med aspirantane om studiet, både fortløpande og i utvikling av studieprogram.

-Det ser ut til at vi i for lita grad lykkast med å informere aspirantane om dei endringane vi gjer på bakgrunn av innspela deira.

Resultata frå studiebarometeret - både dei positive og dei som viser rom for større betringar - blir tekne med vidare inn i kvalitetsarbeidet ved KRUS, understrekar dekanen.