- Med innføringa av kurset som ein del av grunnutdanninga får vi no løfta denne tematikken inn som ein obligatorisk del av utdanninga. Då får vi gitt studentane gode verktøy for å yte førstehjelp ved sjølvmordsfare i ein krevjande kvardag ute i kriminalomsorga, seier ein av kursleiarane med tilknyting til kriminalomsorga.

Kriminalomsorgsdirektoratet har psykisk helse som eit satsingsområde i kriminalomsorga, noko som inkluderer arbeid med å førebygge sjølvmord. Vivat selvmordsforebygging er ein del av Universitetssykehuset Nord-Norge. Gjennom finansiering frå Helsedirektoratet, tilbyr dei kurs innan sjølvmordsførebygging i heile Noreg.

Kriminalomsorgens kompetansesenter (tidlegare Etter- og vidareutdanningsavdelinga) ved KRUS har allereie tilbode Vivat-kurs for dei tilsette i etaten ei stund, med gode tilbakemeldingar. Kursa gjennomførast både ved KRUS og lokalt i einskilde kriminalomsorgseiningar.

No blir todagarskurset òg haldne for aspirantar ved KRUS, i eit samarbeid mellom Kriminalomsorgens kompetansesenter og Institutt for kriminalomsorgsstudier. I første omgang er det aspirantane frå kull HK20V som har gjennomført kurset. Dei er inne i sitt fjerde og siste semester ved KRUS før dei er ferdigutdanna fengselsbetjentar.

Aspirantgruppa på 80 var delt i tre grupper, kvar med tre kursleiarar, med ulik bakgrunn. Alle kursleiarar, også dei frå KRUS, har vorte lært opp av Vivat. På ingressbildet er det seminar 2 som blir undervist, av Lill Hege Drtina, Siw-Anita Tragethon og høgskulelektor ved KRUS Vidar Skogvoll.

Dei til saman ni kursleiarane formidla i etterkant av opplæringa at dei opplevde deltakarar som var både motiverte og reflekterte.

Neste kull, HK20H, skal òg gjennomføre kurset i avslutningssemesteret sitt. Deretter vil HK21H, som no er i første semester, gjennomføre kurset som ein del av det tredje semesteret sitt, ute i opplæringseiningane. Prosjektet vil deretter evaluerast for å vurdere vidare løysingar for arbeid med sjølvmordstematikk ved KRUS sine kurs og studietilbod.