I år inviterte Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS og Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) til ein konferanse der tema som mellom anna menneskehandel, rus og psykisk helse og vald vart tatt opp. Under kan du lese meir frå nokon av desse innlegga.
KDI informerte om status for kvinnestrategien. Ved KRUS blir det utvikla eit eige program for mødrer under straffegjennomføring. Programmet er planlagt ferdig i 2021. Det er òg planlagt å sjå på reglar for visitasjon, visitasjonstoalett og urinprøvetaking med tanke på kvinner i slike situasjonar. Planen om å etablere ein spesialeining eller eit kompetansesenter med nasjonalt ansvar for kvinner under straffegjennomføring, er førebels sett på vent.
Oslo Krisesenter var invitert til konferansen for å fortelje om Fengselsprosjektet, eit samarbeid med Bredtveit. Ingvill Holm Fjær, som arbeider med prosjektet for Oslo Krisesenter, og som tidlegare har jobba i friomsorga, fortalde om erfaringar og utfordringar knytt til prosjektet, som har «vald» som eit viktig tema. Kvinnelege innsette har ofte ei historie der dei både har vore utsette for vald og sjølv utøvd vald. Fengselsprosjektet tilbyr både kurs om vald, samtalegrupper og individuelle samtalar for innsette, og dessutan kurs for tilsette.
Blant fordelane ved å vera ein ekstern part, nemnde Holm Fjær moglegheitene til å følgje opp kvinnene òg etter soning, medan det å finne ei arbeidsform som fungerer for dei to samarbeidande og ulike verksemdene kunne opplevast utfordrande. Å få til direkte kontakt med kvinnene i prosjektet er til dømes vanskelegare og tar vesentleg lengre tid når dei ein ønsker å få kontakt med sit fengsla enn når dei er ein kjapp telefonsamtale unna.
Jan Balstad er avdelingsleiar ved Agder fengsel, Evje avdeling. Dette er ei avdeling med kvinnelege innsette. På konferansen kom han med innspel i samband med at avdelinga har sjølvforpleiing, dvs. at innsette sjølv handlar og lagar eigen mat. -Normalitetsprinsippet i dette er fint, sa han, men det kjem med nokre utfordringar. På den eine sida gjer det at innsette som i utgangspunktet er relativt ressurssterke kan behalda denne forma for fridom, samtidig som innsette som har eit meir kaotisk forhold til økonomi og rutinar får moglegheit til å trene seg i dette. På den andre sida, påpeika Balstad, gir sjølvforpleiingstankegangen meirarbeid for betjentane, sidan mange av kvinnene som sonar er dårleg fungerande. Det var òg tilfelle av både feilernæring og underernæring. Eit anna poeng, var at sjølvforpleiing gjer at den enkelte innsette sjølv vel når ho vil laga mat og eta, slik at dei tilsette mistar den moglegheita til miljøarbeid i fellesskap som felles måltid tidlegare gav.