Fredag 3. juli sende KRUS ut svar til alle kandidatar som har vorte intervjua for opptak til kullet HK20H. Statsbudsjettet la opp til at vi skal ta inn 90 aspirantar med oppstart i august 2020. I tillegg har nokre kandidatar fått reservestatus.

Oppstart for kullet til fengselsbetjentutdanninga HK20H er måndag 17. august 2020 kl. 09.30 ved KRUS i Lillestrøm.

Under føresetnad av at alle består den fysiske testen, se kullet slik ut:

  • 53 % menn
  • 47 % kvinner
  • Snittalder: 26,1 år
  • Meir enn 8 % har språkkompetanse utover nordisk og engelsk
  • 20 % har yrkesrøynsle frå kriminalomsorga
  • 43 % har anna høgare utdanning

Dei neste vekene sender vi ut mykje informasjon til det nye kullet. Vi ber derfor om at dei som har fått positivt svar på opptak / reservestatus om å følge med på e-post! Dei som ikkje har fått svar, blir bedne om å sjekke søppel-/spamfilter og sjå til at innboksen ikkje er full. Send eventuelt ein e-post til opptak@krus.no for å etterspørje svar.

På grunn av koronapandemien vart det ikkje avvikla fysisk funksjonstest på opptaksdagen i vår. Denne vil bli gjennomført i KRUS sine lokale i Lillestrøm 12., 13. og 14. august. Dei som har fått tilbod om plass vil få eigen innkalling til dette i starten av august.

Vi gleder oss til å møte det nye kullet!