Takk til alle som har vist interesse for utdanninga!
 
Det er sendt ut svar til alle som har søkt om å komme inn på fengselsbetjentutdanninga for Kull Haust-20, og intervjua er i gang.
 
Det var totalt 677 søkarar, og drygt 200 av desse kjem vidare til opptaksprøve.

Lurer du på kva KRUS har vektlagt i vurderingane av kven som har vorte kalla inn til opptaksprøvar og kven som ikkje har vorte kalla inn?

Blant faktorane som har trekt opp i rangeringen av søkarar som har dokumentert at dei er kvalifiserte, er gode skoleprestasjonar og arbeidserfaring. Samtidig har søknadstekstar som var mangelfulle og lite utfyllande, trekt ned i vurderinga av søkaren.

I tillegg var det ein del søkarar som ikkje var kvalifiserte på bakgrunn av dei krava KRUS stiller. Dette gjeld mellom anna at dei ikkje oppfylte krava til skolegang, vandel, helse eller førarkort. Ein del hadde heller ikkje lagt ved nødvendig og etterspurt dokumentasjon i søknaden sin.

For de som ikkje nådde opp denne gongen: Velkommen som søkar ved eit seinare høve.