Både instituttet og seksjonen vart oppretta i 2021. Den som blir tilsett får ei viktig rolle i å forma seksjonen og bidra til god undervisning og forsking innan fagfeltet til seksjonen. KRUS arbeider for å søke institusjonsakkreditering.

Om stillinga

Institutt for kriminalomsorgsstudium vart nyleg etablerte etter ei omorganisering av høgskulen. Instituttet er inndelt i seksjon for kriminalitet, straff og organisasjon og seksjon for trygging og kriminalitetsførebygging. Kvar seksjon blir leidd av ein studieleiar. Som studieleiar for seksjon for kriminalitet, straff og organisasjon vil du vera sentral i arbeidet med å etablera seksjonen og vidareutvikla instituttet.

Vi søker etter ein engasjert studieleiar med erfaring frå undervisnings- og forskingsarbeid i tillegg til leiing. Det blir kravd fordjupa kompetanse innanfor eitt eller fleire relevante fagtema innan studieporteføljen til seksjonen.

Arbeidsoppgåver

Studieleiar har personell- og budsjettansvar, i tillegg til fagleg ansvar for studieprogram og fagområde som er definerte innanfor eigen seksjon. Inkludert i dette ansvaret ligg fagleg utvikling, gjennomføring og utvikling av studietilbod, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og kvalitetsarbeid. Studieleiar rapporterer til instituttleiar.

Søknadsfrist er 23. januar.

 

Les heile stillingsutlysinga og søk stillinga på Jobbnorge.no (ekstern lenke)