Høgskuleutdanning for fengselsbetjentar vart foreslått i ei offentleg utgreiing i 1984. Det er 35 år sidan, og det skulle gå mange år før høgskuleutdanning for fengselsbetjentar vart realisert. Først i 2012 vart den toårige fengselsbetjentutdanninga akkreditert med grada høgskulekandidat og i 2019 vart det mogleg å ta eit påbyggingsstudium som gir grada Bachelor i straffegjennomføring. Sitatet frå utgreiinga i 1984 står seg framleis i dag:

Utdanningen er med på å bygge opp en grunnvoll og gir bedre muligheter for selv senere å holde vedlike og fornye seg i jobben slik at man hele tiden har noe å gi de innsatte. Utdanningen er også med på å skape forståelse hos de ansatte for den politiske hverdag og å kunne leve med kritikk uten å isolere seg fra samfunnet (NOU 1984:52).

Som ein del av studiet har studentane skrive Bacheloroppgaver. Desse har dekt over eit vidt spekter av tema. Fleire av dei interessante og gode oppgåvene vil bli å finne på biblioteket i Kriminalomsorgens hus, i tillegg til at dei vil bli tilgjengelege digitalt for alle interesserte gjennom CORA, som er KRUS sitt kunnskapsarkiv.

Du finn bachelor-oppgåvene her.

Gratulerer til alle studentane med fullført Bachelorutdanning!

Bildet øvst i artikkelen viser Kristina Lægreid, direktør ved KRUS, i samband med den digitale vitnemålsmarkeringa 29. januar.