Sidan koronapandemien ramma landet i mars i år, har mange kurs dessverre vorte avlyste. Denne gongen inviterte KRUS til eit kurs som kunne gjennomførast fullt ut digitalt. Første dag av kurset bestod av eit e-læringskurs som KRUS har utvikla saman med Play it right-samarbeidspartner RVTS Øst. Alle kursdeltakarane gjennomførte e-læringskurset om Play it right via Virksomhetsplattformen. Kurset vart sånn sett ein liten førpremiere for gjennomføring av kurs heilt eller delvis som e-læring.

Dag to av kurset bestod av praktiske øvingar i bruk av samtaleverktøyet. Denne dagen vart gjennomført som ein type «satellitt-kurs», der éi gruppe møtte fram på Lillestrøm, medan fire «satellittar» i høvesvis Åsgårdstrand, Stavanger, Tromsø og Hammerfest gjennomførte øvingane med kursleiar via Teams. Gruppa frå Hammerfest friomsorg fortel at det på grunn av lang reiseveg er vanskeleg å komme seg på kurs. No kunne dei likevel dra nytte av undervisningsopplegg ved KRUS frå sitt eige kontor.

Det var til saman nærare 50 deltakarar, der over halvparten gjennomførte heile kurset digitalt. Satelittgruppene fekk både innleiingar og foredrag frå KRUS samtidig som dei kunne øve på verktøya i Play it right saman med kollegaene sine. I kvar gruppe var det ein prosessleiar som hadde fått ansvaret for å følge opp gruppa, slik at deltakarane heile tida var påkobla, både pedagogisk og teknisk. Kursleiar sat i Lillestrøm og følgde opp gruppene via Teams.

Kursansvarleg Siv Gaarder fortel at det vart gjort verdifulle erfaringar undervegs, og at dette kjem til nytte ved neste satellitt-gjennomføring. Gaarder roser samtidig prosessleiarane i kvar gruppe som la til rette på ein flott måte. -Gjennom å lage trygge rammer for gruppene og å lose deltakarane gjennom øvingane sørgde dei for at deltakarane fekk ein god og lærerik oppleving, skryt ho.

 

Ingressfoto: deltakarar frå Oslo friomsorgskontor. (Foto: Siv Gaarder)
 
 
Fakta: KRUS lanserte nettkurset om Play it right på Virksomhetsplattformen, som er ei læringsplattform for statlege verksemder. Kurset Play it right ligg ope og det er mogleg for alle å melde seg på ved å logge inn på Virksomhetsplattformen her (lenke til ekstern nettside) og søke etter kurset «play it right».