Direktør ved Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS, Kristina Lægreid, var godt fornøgd med besøket.

-Vi hadde gode diskusjonar om behov for kunnskaps- og kompetanseutvikling innanfor ulike delar av etatsverksemda, samanfatta Lægreid, som syntest besøket frå JD var både spennande og positivt.

Det var representantar for Kriminalpolitisk seksjon, avdeling for kriminalitetsførebygging, med ekspedisjonssjef Håvard Bekkelund i spissen, som hadde tatt turen til Lillestrøm. Avdelinga har ansvar for å sikre eit kunnskapsbasert, heilskapleg og langsiktig perspektiv på å førebygge og kjempa mot kriminalitet, og straffegjennomføring er ein del av dette. Besøket skulle ha vore gjennomført i mars, men blei som så mykje anna denne våren, utsett.

Alle delar av verksemda til KRUS vart presentert for dei besøkande frå JD. Særleg blei det lagt vekt på å presentere FoU-aktiviteten innanfor straffegjennomføring, både pågåande prosjekt og kva KRUS ser på som forskingsbehov framover. Lægreid opplevde at ulike sider ved FoU-arbeidet var tema representantane frå JD var veldig opptatt av, og at spørsmåla dei stilte innanfor dette området viste at dei hadde oppdatert kunnskap g stort engasjement innan feltet.

-Det er forståeleg, meiner Lægreid, sidan departementet bruker både forsking, statistikk og evalueringar aktivt når det blir jobba med den politiske utforminga av mellom anna ulike strategiar, handlingsplanar og stortingsdokument.

Medan JD stilte med ekspedisjonsdirektør, fleire fagdirektørar og seniorrådgivarar, hadde KRUS-direktør Lægreid tatt med seg avdelingsleiarane sine. Kriminalomsorgsdirektoratet var òg representert.

Det tre timar lange besøket vart avslutta med ei omvising i øvingsfengselet til KRUS