Etter to intense år med teori og praksis, var det endeleg tid for å markere avslutninga på studiet til å bli høgskulekandidat i straffegjennomføring.

Dei nye fengselsbetjentane som etter vitnemålsseremonien gjer seg klare for å starte pliktåret i ulike delar av både kriminalomsorga og Noreg, har hatt eit utdanningsforløp som vart prega av koronapandemien. Både ved KRUS og ved opplæringsfengsla har ting fungert annleis enn det som har vore normalen, noko fleire av talarane under seremonien tok opp.

Mari Kristiansen og Tuncel Ugur heldt tale på vegner av aspirantane. Ugur fortalde tilhøyrarane, mellom dei representantar for politisk leiing i Justis- og beredskapsdepartementet og frå KDI, om den store innsatsen de enkelte aspirantene har lagt ned i løpet av de siste to årene, medan Kristiansen kom med nokre oppsummerande ord om kva innsatsen har resultert i.

- Vi har lært korleis vi skal hjelpe innsette med kjensleregulering, bygge berande relasjonar og jobbe mot ei straff som endrar. Samtidig som vi sjølv har kjent på korleis vi sjølv har måtte regulere våre eigne kjensler, jobba med våre eigne relasjonar og motivere kvarandre mot ei utdanning som har vore ekstra krevjande for mange, sa Kristiansen.

Som vanleg var det mellom talane sett av tid til det som i programmet kallast «kunstnarisk innslag», og som var hemmeleg heilt fram til det starta. Det kunstnariske innslaget i år, var det Tomas Fianbakken som stod for. Han har høgskuleutdanning i musikk, og tar for tida vidareutdanning i musikk og helse ved Noregs musikkhøgskule. Han speler òg i band, med jamlege framføringar på musikkscenene i Arendal. Og så jobbar han med å få på plass bandopplæring i regi av Blues Factory i Froland fengsel. Fianbakken er ikkje berre musikar, men også fengselsbetjent, med utdanning frå KRUS for nokre år tilbake. Han jobbar nå i Froland fengsel.

Direktør ved KRUS, Kristina Lægreid, nytta talen sin til å takke kullet for innsatsen og gjennomførd utdanning, og å ønske dei lykke til vidare i arbeidet som fengselsbetjent.

-Med meir erfaring vil de forhåpentlegvis oppleve at teoretisk kunnskap og praksis heng godt saman, og bidrar til at du etter kvart blir tryggare og tryggare i arbeidet. I møtet med den enkelte domfelte kan akkurat du utgjere ein forskjell, sa Lægreid.

Ho nytta òg høvet til å ønske alle velkommen tilbake til KRUS som student på bachelorutdanninga, og som deltakar på etter- og vidareutdanningskurs, konferansar, seminar og andre arrangement.