
Ledige stillingar
Her finn du ledige stillingar ved KRUS. Vi ønsker å tiltrekke, utvikle og behalde kompetente medarbeiderar i eit arbeids- og læringsmiljø som fremmar stoltheit, tillit og fellesskap.
Innholdsprodusent - korttidsengasjement
Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS har fått i oppdrag å utvikle eit digitalt opplæringsprogram: «Beslutningskompetanse i møte med sårbare menneske». Kompetansetiltaket skal styrkje dei tilsette i kriminalomsorga i deira evne til å vurdere, grunngje og dokumentere avgjerder i møte med sårbare innsette.
Vi søkjer derfor ein innhaldsprodusent som i løpet av hausten skal sluttføre eit pågåande utviklingsprosjekt. Prosjektet skal resultere i eit publisert opplæringsprogram. Oppdraget har eit tydeleg og avgrensa mandat og blir gjennomført i tett samarbeid med dei fagansvarlege ved senteret.
Stillinga er eit korttidsengasjement på tre månader frå høsten 2026, med moglegheit for forlenging ved behov.
