Oppdressing til verneutstyr - utsnitt

Fysisk maktbruk

-Instruktørutdanning

Under hausten har alle seks modulane i kurset "Fysisk maktanvendelse - instruktørutdanning" blitt gjennomført.

Planlegging av massetjeneste
Ordremøte massetjeneste6
Ordremøte massetjeneste5
Celleaksjon med gass
Kursdeltakere modul 5 og 6 2014
KRUS\\\' fagansvarlige Dag Sandham
KRUS' fagansvarlege: Dag Sandham

At ein har lov til å nytte fysisk makt er ikkje det same som at ein må. Men i de tilfella andre måtar å løyse ein situasjon på ikkje fører til ønsket resultat, er det viktig at tilsatte i kriminalomsorga har oppdatert kunnskap om når og korleis fysisk maktbruk lovleg kan nyttast.

Gjennom dei seks modulane i instruktørutdanninga i fysisk maktbruk, blir deltakarane oppdaterte på den seinaste kunnskapen innan modulemne som til dømes: pågriping, bruk av teleskopbatong, masseteneste og bruk av gass. Alle kursmodulane inneber fysiske øvingar ved sidan av teori, og det krevst aktiv deltaking. Modulen Teleskopbatong avsluttast med ferdigheitsprøve.

Medan nokre deltakarar har gjennomført delar av kursrekka, har om lag 10 vore med gjennom heile hausten og alle modulane. Desse får no vere instruktørar for tilsatte i kriminalomsorga i alle former for maktbruk/bruk av tvangsmiddel.

 

Bileta til høgre er frå ulike kursmodular.

Tips en venn Skriv ut