Publisert:
Semesterstart for kull HK19V
-Vi forventar at de jobbar hardt og les godt. Ikkje berre for å få gode eksamensresultat, men minst like mykje for å bli gode fengselsbetjentar, sa dekan Kjersti Hove til aspirantane i kull HK19V då ho ønskte dei velkommen tilbake til fjerde og siste semester av deira høgskulekandidatutdanning i straffegjennomføring.
Etter to praktisk-teoretiske semester ved ulike fengsel, er aspirantkullet nå tilbake for å fullføre utdanninga. Opninga av semesteret vart gjennomført digitalt, der KRUS-direktør Kristina Lægreid, dekan Kjersti Hove og administrasjonssjef Nina Stenvaag Leira var samla i amfiet, og gjennomførte velkomsttalene sine derfrå.

KRUS ©Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS


Det første bildet viser korleis det såg ut for aspirantane då dei vart ønskte velkommen tilbake til KRUS av direktør Kristina Lægreid via Teams. På bildet synest Lægreid så vidt nedst til høgre. Det andre bildet viser Lægreid frå amfiet ved KRUS under velkomsttala.
Smitteverntiltak er noko som kjem til å prege semesteret. Ikkje berre var semesteropninga digital, også dei fire første vekene er det lagt opp til digital undervisning. Etter dette er det planlagt for meir nærvær i KRUS sine lokale.
Stenvaag Leira er framleis fersk i stillinga som administrasjonssjef, og dette var hennar første semesterstart. Som administrasjonssjef har ho blant anna ansvaret for tryggleik og drift av bygget som husar KRUS. Ho informerte innleiande om nokon av dei smittetiltaka som gjer at ein del blir annleis frå korleis det var då aspirantane var ved KRUS i første semester. Stenvaag Leira understreka at det ha vore jobba mykje med korleis KRUS skulle legge til rette for balansegangen mellom smittevernomsyn og det at aspirantane skal få eit best mogleg læringsutbytte.
Dekan Kjersti Hove formidla òg at det har vore jobba mykje med å førebu undervisningsopplegget til fjerde semester. Hove var tydeleg på at det ikkje berre er Covid-19 som har påverka dette arbeidet. Kvart semester blir aspirantane bedne om å evaluera utdanninga. Tilbakemeldingane blir analyserte, og det blir jobba med korleis det er mogleg å forbetra punkt som har vorte påpeika. Hove viste konkrete døme på tilbakemeldingar frå førre kull, som har ført til endringar for gjennomføringa for undervisningsopplegget i haust.
