www.krus.no

P1010340 - panoramabilde av salen mot Kristina utsnitt 1000x300

Nye fengselsaspirantar

90 ferske fengselsaspirantar vart måndag 6. januar ønskt velkommen til Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS.

Direktør ved KRUS, Kristina Lægreid, ønskte velkommen til eit kull som er vesentleg mindre enn det som er vanleg. Dette kjem av at KRUS er i ferd med å legge om studieåret, og at det dermed er planlagt eit nytt opptak i år, for eit kull som vil få oppstart i august.

Lægreid oppmoda aspirantane, som om to år vil vere ferdig utdanna høgskolekandidatar i straffegjennomføring, til å vere aktive og engasjerte undervegs. Ho understreka òg at det å bruke tid på å setje seg skikkeleg inn i pensum, vil gi verdifull kompetanse til bruk i både pliktåret etter fullført utdanning og ved vidare arbeid i kriminalomsorga.

Som vanleg for eit nytt kull, vil dei første dagane gå med til å ta inn mykje informasjon. Medan direktøren mellom anna hadde ein kort og oversiktleg  gjennomgang av kriminalomsorga, brukte administrasjonssjef Richard Bjerkelund noko av si tid til å seie noko om aspirantar som tilsette i kriminalomsorga. Som tilsett i kriminalomsorga, minte Bjerkelund om, er ein òg offentleg tenestemann, noko som gjer at det ikkje alltid er likegyldig for arbeidsgivar kva ein held på med på fritida.

I løpet av den første veka skal aspirantane mellom anna gjennom ein introduksjon til studiet og dei første emna dei startar med, dei skal prøve uniformer, dei skal gå igjennom praktisk informasjon, og ikkje minst skal dei begynne å bli kjente med dei aspirantane dei har vorte sett opp i basisgrupper med. «Kontoret» til aspirantane er basisgrupperommet, der 7-8 aspirantar jobbar saman med gruppearbeid, lagar presentasjonar, diskuterer og har fast leseplass.

Didrik, Antony, Steinar, Emilie, Marie og Benedicte har hamna på basisgruppe 6. Dei neste månadene kjem dei til å bli godt kjent med kvarandre. To av dei har erfaring frå kriminalomsorga frå før av. Samla sett har dei med seg mykje spennande erfaring inn i kriminalomsorga. Det er snakk om erfaring frå så ulike område som forsvaret, restaurantbransjen, psykiatri, rus, frisør- og vektarbransjen. Eit felles kjenneteikn for mange av erfaringane, er at det er viktig med gode kommunikasjonsevner. Dette vil dei forhåpentlegvis sjå at dei får nytte av framover.

aspiranter samlet i basisgruppe ved KRUS
Bildet viser noen av fengselsaspirantane som har samla seg i basisgruppe 6.

Av Ragna Matea Bull - 06. jan. 2020

Tips en venn Skriv ut