Av Ragnhild O. Nomeland - 7. mai 2012
Englandsturen var ein tur me alle hadde gleda oss til i over lang tid, og endeleg var tida inne for å pakke dei store koffertane våre frå både Bergen og Jæren. Nytt av året var at Englandsturen skulle gå til Manchester, til glede for mange fotballentusiastar. Elles var det mange av aspirantane som såg sitt snitt til å reise til ulike byar i England helga før det offisielle programmet starta, noko som førte til at mange pengar allereie var brukt opp på mellom anna fotballkampar, shopping og sosialt lag før veka i Manchester. Men dette la ingen dempar på stemninga.
Les mer>