IMG_4703 headerfoto - Gunnar Aa Brevik og Nina M Lauritzen - utsnitt 1000x300

Barneansvarlege

-Erfaringssamling

Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS har arrangert erfaringssamling for barneansvarlege i kriminalomsorga. I løpet av to dagar fekk dei 44 deltakarane både faglege innspel og sjansar til å utveksle erfaringar omkring moglegheiter og utfordringar knytt til rolla som barneansvarleg.

IMG_4685 Maja K Breiby - utsnitt 423x623
Maja Karoline Breiby, KDI
IMG_4700 Gunnar Aadde Brevik - utsnitt 328x344
Gunnar Aadde Brevik, Trondheim fengsel
IMG_4692 Nina M Lauritzen - utsnitt 279X382
Nina Morset Lauritzen, For Fangers Pårørende

Kristin Tandberg frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) opna første dag med informasjon om kva  KDI er opptekne av når det gjeld barneperspektivet i kriminalomsorga, før det var satt av tid til Lars Otto Justad frå Konfliktrådet i Buskerud. Justad hadde ei innleiing kring konfliktråd og gjenopprettande prosessar, og korleis dei barneansvarlege i kriminalomsorga kan nytte dette. Etter Innleiinga, vart det ein plenumsdiskusjon, der deltakarane fekk diskutert og delt erfaringar med å ta arbeidet til konfliktrådet inn i eiga arbeid.

Andre dag av erfaringssamlinga vart opna av Maja Karoline Breiby frå KDI, som hadde ei gjennomgang av ein revisjon av regelverk for barn på besøk i fengsel. Forslag til rundskriv er sendt på høyring, og deltakarane fikk også moglegheit til å komme med innspel under erfaringssamlinga.

Den største delen av andre dag vart via til familiesamtalar i form av reflekterande prosessar. Nina Morset Lauritzen frå foreininga For Fangers Pårørende (FFP) snakka om eit prosjektet, som vart starta i 2013 i samarbeid med Trondheim fengsel, der ein arbeider med å få familievernkontora og deira tenester inn i fengsla. Gunnar Aadde Brevik frå Trondheim fengsel snakka om erfaringar derifrå. Fleire fengsel er i gang med familiesamtalar, og fleire andre er i ferd med å setje i gang. Breivik og Lauritzen hadde også ein demonstrasjon av korleis reflekterande prosessar kan gjennomførast ikkje berre av tilsette ved familievernkontor, men også av tilsette i kriminalomsorga.

Tips en venn Skriv ut